Stormfondet logo

Stormfondet 2025

Sidan 2004 har Vest Næringsråd forvalta gåvemidler til næringsutvikling gitt av Sparebanken Vest. No er det Agenda Vestlandet som tildeler. Til saman i løpet av desse åra har fondet støtta 103 bedrifter eller prosjekt.
Kven kan søka i 2025?
Bedrifter eller prosjekt som er etablert i Øygarden eller har tilknyting til området.

Søknadskriterier:
  • Nyskapande idear eller aktivitetar i tidleg fase
  • Prosjekt som bidrar til grøn omstilling eller sosial innovasjon vil bli vektlagt

Tildeling
Den – eller dei – beste søknadene får laga ein profesjonell film (ca. 2 min.) med ein verdi på inntil 50 000 kroner.

Størrelsen på tildelte midlar utover film-vinnarane blir vurdert av juryen.

Juryen består av medlemmar frå Vest Næringsråd og Sparebanken Norge.

Tildelinga skjer på Øygardskonferansen, fredag 7. november 2025.

Søknadsfrist 11. september 2025
Har du spørsmål om Stormfondet?
Ta kontakt med Vest Næringsråd: Dagleg leiar Kari-Anne Landro